Hagen min er fri for ugras.
Det vil seie, han er nesten fri for ugras. Dette har eg fått til ved å ønska det som dei fleste kallar ugras velkomen.
Løvetannen er jo så eldfull og gul, kven kan ikkje lika slik ein blome? Og etter si første blomstring dannar han jammen ein ny knopp og ein slags blom til, med svevefrø til glede for små blåsande munnar. Åkersvineblom har blomar som ein mindre interessant slektning, men tøffe blad, og liknande flygande frø.
Skvalderkål har eg lært å frykta, dei kan visstnok øydeleggja hagen. I min er dei forvist til hekken og hjørnet bak kompostdunken, der dei dannar eit lite jungelteppe av sterkt grøne blad. dei strekk seg mot lyset og slår til med kvite blomar, nett slik som hekken.
Ville plantar av alle slag ønsker eg velkomen. det som slår rot får veksa, i det minste til eg ser kva det er. vaiande villblomar i gult og lilla helsar meg mellom sommaren, og eg føler meg god mot både dei og biene.
Ein ukjend plante eg nyleg helsa velkomen hadde eg sett på nabotomta ei stund, og stille ønskt at han også skulle vitja meg. blada var store og mektige, perfekte for skråningen ned mot elva. Til mi store glede dukka det opp blad hjå meg opp, både inne i hagen og like ved elveleiet.
Så kom mannen frå elvetilsynet. Det var observert ein giftig plante i hagen. Dei skulle snart koma og sprøyta han. Me fekk informasjonsbrosjyre om denne temmeleg nifse planten, som både er ein aggressiv innført ein, og giftig. Kjempebjørnekjeks.
Me bruker ikkje plantegift i hagen vår, for me har nesten ikkje ugras, og berre luker eller flytter det me vil ha vekk. Men her må visst sterkare krutt til. Og det er ikkje plenkrutt det er snakk om.