This is an old revision of the document!
**[[hage:start|hagen min]] er fri for ugras.** det vil seie, han er //nesten// fri for ugras. dette har eg fått til ved å ønska det som dei fleste kallar ugras velkomen. [[løvetann]]en er jo så eldfull og gul, kven kan ikkje lika slik ein blome? og etter si første blomstring dannar han jammen ein ny knopp og ein slags blom til, med svevefrø til glede for små blåsande munnar. [[skvalderkål]] har eg lært å frykta, dei kan visstnok øydeleggja hagen. i min er dei forvist til hekken og hjørnet bak kompostdunken, der dei dannar eit lite jungelteppe av sterkt grøne blad. dei strekk seg mot lyset og slår til med kvite blomar, nett slik som hekken. ville plantar av alle slag ønsker eg velkomen. det som slår rot får veksa, i det minste til eg ser kva det er. vaiande villblmar i gult og lilla helsar meg mellom sommaren, og eg føler meg god mot både dei og biene.