Tenk, me har heile York Minster i hagen! Nei, det er ikkje snakk om ei stor eller lita domkyrkje, men om blomen inspirert av rosevinduet i kyrkja. Naturlegvis er det ei rose. Då me flytta frå York kunne me ikkje ta med oss heile byen, men rosa klarte me å transportera.
I den nye hagen planta eg rosa i ein litt skyggefull plass i hagen. Skyggen var ikkje noko problem, men vekstane rundt gjorde henne vanskeleg å sjå. Vinteren 2015 bestemte eg meg derfor for å prøva å ha henne oppi ei potte på patioen. Håper verkeleg ikkje denne planten misliker flytting…