Når naboen har bugnande syrinar, då kan det vera at me òg får syrinar!
Først naut eg synet av dei gamle, blomekledde buskane i hagane rundtomkring. Men så ein dag oppdaga eg eit skot i min eigen hage. Eg klippa litt av det av - det var jo litt i vegen - og stakk det i bakken. Og no har eg ein heil famn av syrinar.