User Tools

Site Tools


hage:stiklingar

This is an old revision of the document!


A PCRE internal error occured. This might be caused by a faulty plugin

**Stiklingar** kan ein ta store delar av året, men av forskjellige typar plantar. Nokre har lett for å slå rot, andre skal du ha hell med. Eg liker godt stiklingar. Dei er på ein måte gratis, ekstra plantar, og kan vera den beste måten å flytta eller formeira ein favoritt på. Det går også ganske lett å sjå om dei har feila. ---- Dei ulike stiklingtypane er av **grøne skot** (//softwood//), som ein kan ta om våren og tidleg om sommaren (Anna Pavord seier mars til juni). Fuchsia og geranium passar godt til dette. Andre kandidatar er [[syrin]], [[lavendel]] (lavendel!) og ukjende cotinus og potentilla. **Halvmogne skot** (//semiripe wood//) er nye skot som såvidt har byrja å bli treete. Desse kan ein typisk ta frå midten av juni til august. Dette passer godt for diverse buskar, som min venn [[Buddleja]]. **Vedete stiklingar** (//hardwood cuttings//) kan ein ta seinare på hausten og tidleg om vinteren. Dette passar godt for vintergrøne plantar, [[liguster]], [[Ribes]], //dogwood// og //cotoneaster//. Desse kan bruka lang tid på å slå rot, men har tørkar ikkje så fort ut som ungskota. ---- I [[2014]] tok eg stiklingar av [[spirea]], [[japansk kaprifol]], [[lavendel]], [[Kerria japonica|Kerria]] og [[Buddleja]]. Kaprifolen har gjort det utmerka, Buddleja likeså (særleg dei eg gjorde skikkeleg), kerriaen kanskje. Lavendelen tørka stort sett ut og spireaen blei kanskje sett ut i eit bed litt for tidleg... og moglegvis tråkka på. Vinteren til [[2015]] klippa eg [[rosa|roser]], og bestemte meg for å prøva å rota eit par stiklingar. Dei blei sett under glaskrukker for å verna dei mot den uttørkande vinden. No i april har dei byrja å få blad, som sine eldre foreldre, så så langt synest eg det går bra.

hage/stiklingar.1428772733.txt.gz · Last modified: 2015/04/11 17:18 by ranveig