This is an old revision of the document!
**Stiklingar** kan ein ta store delar av året, men av forskjellige typar plantar. Nokre har lett for å slå rot, andre skal du ha hell med. Eg liker godt stiklingar. Dei er på ein måte gratis, ekstra plantar, og kan vera den beste måten å flytta eller formeira ein favoritt på. Det går også ganske lett å sjå om dei har feila. Dei ulike stiklingtypane er av grøne skot (//softwood//), som ein kan ta om våren og tidleg om sommaren (Anna Pavord seier mars til juni). Fuchsia og geranium passar godt til dette. Andre kandidatar er [[syrin]], [[lavendel]] (lavendel!) og ukjende cotinus og potentilla. I [[2014]] tok eg stiklingar av [[spirea]], [[japansk kaprifol]], [[lavendel]], [[Kerria japonica|Kerria]] og [[Buddleja]]. Kaprifolen har gjort det utmerka, Buddleja likeså (særleg dei eg gjorde skikkeleg), kerriaen kanskje. Lavendelen tørka stort sett ut og spirean blei kanskje sett ut i eit bed litt for tidleg... og moglegvis tråkka på.