User Tools

Site Tools


hage:stiklingar

Stiklingar kan ein ta store delar av året, men av forskjellige typar plantar. Nokre har lett for å slå rot, andre skal du ha hell med. Eg liker godt stiklingar. Dei er på ein måte gratis, ekstra plantar, og kan vera den beste måten å flytta eller formeira ein favoritt på. Det går også ganske lett å sjå om dei har feila.


Dei ulike stiklingtypane er av grøne skot (softwood), som ein kan ta om våren og tidleg om sommaren (Anna Pavord seier mars til juni). Fuchsia og geranium passar godt til dette. Andre kandidatar er syrin, lavendel (lavendel!) og ukjende cotinus og potentilla.

Halvmogne skot (semiripe wood) er nye skot som såvidt har byrja å bli treete. Desse kan ein typisk ta frå midten av juni til august. Dette passer godt for diverse buskar, som min venn Buddleja.

Vedete stiklingar (hardwood cuttings) kan ein ta seinare på hausten og tidleg om vinteren. Dette passar godt for vintergrøne plantar, liguster, Ribes, dogwood og cotoneaster. Desse kan bruka lang tid på å slå rot, men har tørkar ikkje så fort ut som ungskota. Dan Pearson skriv tidleg i desember at dette er ei perfekt tid til å ta vintergrøne og rotstiklingar på - greinene helst før sevja forsvinn ned i rota, meiner han. Barlind, buksbom, kristtorn og kamelia er gode kandidatar han nemner, som ein kan ta heel cuttings (greinstiklingar med ein liten del av stammen). Andre gode vinterstiklingar er kanskje cornus, selje og gode, gamle Buddleja, i tillegg til klatreplantar som kaprifol.


I 2014 tok eg stiklingar av spirea, japansk kaprifol, lavendel, Kerria og Buddleja. Kaprifolen har gjort det utmerka, Buddleja likeså (særleg dei eg gjorde skikkeleg), kerriaen kanskje. Lavendelen tørka stort sett ut og spireaen blei kanskje sett ut i eit bed litt for tidleg… og moglegvis tråkka på.

Vinteren til 2015 klippa eg roser, og bestemte meg for å prøva å rota eit par stiklingar. Dei blei sett under glaskrukker for å verna dei mot den uttørkande vinden. No i april har dei byrja å få blad, som sine eldre foreldre, så så langt synest eg det går bra.

Lenkjer
hage/stiklingar.txt · Last modified: 2015/04/17 12:55 by ranveig