User Tools

Site Tools


hage:spirea

This is an old revision of the document!


A PCRE internal error occured. This might be caused by a faulty plugin

**Spirea** (eller //Spiraea//, for å sei det fint) er ein [[busk]] eg har likt sidan barndommen. Lette lauv og bugnande kvite blomar som helsar våren. Ein slik hekk er ganske innbydande, så sant ein ikkje klipper bort alle blomane, då. For å unngå dette let eg spireaen på framsida vera i fred eit år, og han voks seg stor og småvill. [[2014|Året etter]] måtte eg derfor ta hekksaksa fatt, like etter blomstringa. Heldigvis var dette også rette tida å ta grøne stiklingar, så det gjorde eg først. Kanskje spirer spireaen fleire stader i hagen om nokre år? Spirea er «Among the easiest flowering shrubs to grow», seier [[http://www.garden.org/plantguide/?q=show&id=2103|garden.org]]. Det er jo betryggande!

hage/spirea.1400234193.txt.gz · Last modified: 2014/05/16 09:56 by ranveig