This is an old revision of the document!
**Spirea** (eller //Spiraea//, for å sei det fint) er ein [[busk]] eg har likt sidan barndommen. Lette lauv og bugnande kvite blomar som helsar våren. Ein slik hekk er ganske innbydande, så sant ein ikkje klipper bort alle blomane, då. For å unngå dette let eg spireaen på framsida vera i fred eit år, og han voks seg stor og småvill. [[2014|Året etter]] måtte eg derfor ta hekksaksa fatt, like etter blomstringa. Heldigvis var dette også rette tida å ta grøne stiklingar, så det gjorde eg først. Kanskje spirer spireaen fleire stader i hagen om nokre år?