User Tools

Site Tools


hage:spirea

This is an old revision of the document!


A PCRE internal error occured. This might be caused by a faulty plugin

**Spirea** (eller //Spiraea//, for å sei det fint) er ein busk eg har likt sidan barndommen. Lette lauv og bugnande kvite blomar som helsar våren. Ein slik hekk er ganske innbydande, så sant ein ikkje klipper bort alle blomane, då. For å unngå dette let eg spireaen på framsida vera i fred eit år, og han voks seg stor og småvill. [[2014|Året etter]] måtte eg derfor ta hekksaksa fatt, like etter blomstringa. Heldigvis var dette også rette tida å ta grøne stiklingar, så det gjorde eg først. Kanskje spirer spireaen fleire stader i hagen om nokre år?

hage/spirea.1400233807.txt.gz · Last modified: 2014/05/16 09:50 by ranveig