User Tools

Site Tools


hage:spirea

Spirea (eller Spiraea, for å sei det fint) er ein busk eg har likt sidan barndommen. Lette lauv og bugnande kvite blomar som helsar våren. Ein slik hekk er ganske innbydande, så sant ein ikkje klipper bort alle blomane, då. For å unngå dette let eg spireaen på framsida vera i fred eit år, og han voks seg stor og småvill. Året etter måtte eg derfor ta hekksaksa fatt, like etter blomstringa. Heldigvis var dette også rette tida å ta grøne stiklingar, så det gjorde eg først. Kanskje spirer spireaen fleire stader i hagen om nokre år?

Spirea er «Among the easiest flowering shrubs to grow», seier garden.org. Det er jo betryggande! I alle høve trur eg stiklingane er stukne godt nok ned i jorda. Ein av dei står oppi ei blomsterpotte med bittesmå skot, ei anna i grønsakbedet (som er i ferd med å tømmast for grønsaker).

Lenkjer
  • Spirea, Gardener's Corner, BBC
hage/spirea.txt · Last modified: 2015/04/11 18:15 by ranveig