I 2014 skulle eg endeleg oppfylla ein draum: Solsikker! Eg sådde Unwins oranges and lemons, ein frøpakke med to typar frø oppi. Eg fekk to plantar av kvar. Fylt av bange aningar planta eg dei endeleg ut, i frykt for sniglar og vind og regn og alt som kunne gå gale. Men etter ferie kom eg tilbake og fann dei i ferd med å springa ut, alle fire. I morgon blir det sol!