User Tools

Site Tools


hage:rosa

Det finst jo så mange roser. Og slett ikkje alle er rosa.

Me har innkjøpte roser, hageroser som «budde» her før me flytta inn, og ulike rosetypar.

  • Buskroser, diverse typar som har dukka opp. Den eg har kjøpt sjølv og veit namnet på heiter York Minster. Andre har overraska meg fleire stader i den nye hagen. I 2015 prøvde eg å ta nokre stiklingar. Me får sjå koss det går.
  • Klatreroser. Til no har me ein type som heiter Kolo som skal ha raude blomar. Fekk rosa i gåve i 2014 og har endå ikkje sett dei.
  • Steinnype, Rosa canina. Engelsk dog rose.
    • Ei klatrande nyperose planta langs grensene januar 2015.
  • Eplerose, Rosa rubiginosa (ikkje lenger). Engelsk sweet briar
    • Planta rundt kjøkkenhagen april 2009. Meininga var at dei skulle vera ein hekk mot den galne hunden. I praksis blei dei ein privathekk for meg, noko som var litt dumt sidan dei fleste var midt i hagen.
    • Dei enkle nyperosene er fine og kan dessutan etast/lagast te av.
hage/rosa.txt · Last modified: 2015/04/11 17:28 by ranveig