Ormerot! var namnet på planten med dei fjørete rosa blomane som stod i den gamle hagen i det nye huset vårt. På botanisk heiter han Bistorta officinalis og på engelsk mellom anna adderwort, bistort, dragonwort, English serpentary, Easter giant, Easter-ledges, Easter mangiants, passion dock, patience dock, sweet dock, snakeroot, snakeweed, poor man's cabbage og pudding grass. Namna viser til at planten blei brukt til matlaging og til at han har ei forvridd rot.
Planten er sterk til å veksa og kan lett ta over for mindre frodige vekstar. Eg liker godt dei fine lyseraude blomestenglane, men kjem nok til å plukka litt blad no når eg veit dei kan etast.