Lauk er, generelt sett, ein fantastisk måte å veksa på. Ein daud klump, litt mold, og han veks i veg. Av og til treng han ikkje mold ein gong, men set i gang og veks utan. Slik gjekk det seg til at eg fekk ein pottelauk tidleg i 2015, før eg meinte det var varmt nok til å planta han ute.