Kristtorn (Ilex aquifolium) er ein gammal travar i England. Han veks vilt i skog og mark, og er særleg fin å sjå om vinteren, når dei raude bæra dukkar opp og blada skin grøne medan det meste andre er dødt. For meg går han best saman med barlind, men i den gamle julesongen er det eføy han passar med:
The holly and the ivy,
Now both are full well grown.
Of all the trees that are in the wood,
The holly bears the crown.
Ein nabo i gata har eit verkeleg kongeleg tre; ein stor kristtorn som strekk seg i pyramideform mot himmelen. Ein annan litt lenger unna har eit par variegerte typar som er klipte i klokkeform.
Eg har ein handull kristtornar, men dei færraste kan kallast tre. Dei er små buskar, dei fleste er planta langs gjerde for å laga ein fin, vintergrøn hekk etterkvart. Eit framom huset er ganske stort, men står litt i skyggen av ein tuja. Uansett, det er snart jul og denne kristtorna ber mange raude bær. Som ein konge!