User Tools

Site Tools


hage:kaninar

Kaninar er ålreite dyr. Dei skapar liv og røre, og gjev meining til plantar som gras, løvetann og buskavklypp.

Mine er alltid svoltne, i det minste eit par av dei. Då er det greit å vita kva ein kan gje dei frå hagen. Det finst mange lister på internett, også om kaninar og hageplantar. Halvparten av dei er laga frå hageeigarperspektiv – kva plantar er trygge for kaninar, og kva for nokre er det ikkje? Den andre halvparten er kanineigarar som gjerne vil gje dyra sine trygge snacks. Eg ville helst visst kva eg kan ha i hagen som både er fint og bra for kaninar, eg. Det er mogleg eg må laga mi eiga.

Lenkjer
hage/kaninar.txt · Last modified: 2014/07/27 08:08 by ranveig