Vår japanske kaprifol er ein Lonicera japonica aureoreticulata, med variegerte blad. Denne er visstnok mildare i veksten enn den vanlege typen, som kan bli invaderande. Eg oppdaga han sommaren 2014 då eg oppdaga ei sterk sjasminaktig lukt ute i hagen. Eg trudde nesten det var sjasmin, men har aldri opplevd ei så sterk lukt av han i Europa. Så denne kaprifolen er ei god erstatning.
Den japanske kaprifolen veks opppover eit tre og urtddig i buskar i hagen. Eg kutta han ein del tilbake i fjor - kanskje han ikkje blomstra då, av den grunn. Uansett, eg har fått stor sans for han og prøvd å ta fleire stiklingar. Håper han har litt av levekrafta til sin u-variegerte slektning!
I ein haustsjau i hagen klarte eg å skjera over ein stor del av den ganske rotete kaprifolen som voks opp i tre og buskar i midtbedet vårt. Det var verdt eit forsøk å flytta han til ei side, tenkte eg, men eg trur ikkje han klarte det. Mot slutten av vinteren la eg merke til at det var fleire friske blad på opphavsstaden enn der eg hadde flytta han. Morplanten viste seg å ha vore eit stykke unna uansett.
Eg har to stiklingar i potter, ein inne og ein ute, som ser ut til å vera ved godt mot. I tillegg fleire halvhjerta forsøk eg har stukke i bakken her og der. Me vil jo ha kaprifol.
Så langt alt vel. Eg har overvintra stiklingar inne og ute - alle eg hugser har klart seg. No er eit par av dei plassert i jorda, klare til å klatra til nye høgder, får ein håpa. Morplanten er engasjert i ei ny og viktig oppgåve. I staden for å klatra seg vill i tre, skal han skjula søppeldunkar.