For somme er gras det same som plen. Ikkje for meg. Eg har lite av grassmatter, men vil gjerne ha høge, flotte gras med spennande duskar på toppen. Havre og kveite, til dømes, men andre typar òg.
Dyra i huset gjer det litt vanskeleg å dyrka fram det høgaste høge graset. Ikkje berre kaninane, men også hunden liker å gumla på friskt grønt då og då. Så det blir ein del tuer, og nokså lågt gras av og til, men altså slett ikkje plen.