User Tools

Site Tools


hage:2015

2015 har vore prega av vind. Kald vintervind, frisk vårvind, veldig sterk vind og berre litt sterk vind. Du kan godt gå inn i sekken att nå, vind.

  • Januar. Planta bar-rotplantar som Rosa canina, furu og agnbøk. Kjøpte potteplantar som eukalyptus, deodar, Lonicera fragrantissima og Polystichum setiferum 'Plumosum'.
  • Februar. Potet. Dei spirte, så eg planta. Inne. Kanskje får eg minipoteter? Planta også to lauk med spirer.
  • 26. Sådde Old English Pink (gammal engelsk nellik), trefrø (alm??) koriander og persille. Persillen har klart seg best, mens ingen nellik har vist seg i løpet av to såingar.
  • Mars. Målte skjulet. Endeleg.
  • BEstilte plantar! Masse! Roser (klatrande) og humle (til klatring, eller ølbrygging), og diverse anna snask.
  • Forsythianordsida av huset byrja å blomstra først (midten av månaden)
  • Grov opp to Viburnum-rotskot. Til blomehekken, såklart. Dei slår ut blada og virker fornøgde.
  • April. Første potte-potet blomstra. Eg kunne ikkje dy meg, men grov henne opp. Ingen minipoteter der. Har nå planta henne ut, men under glas.
  • 11. Sådde agurk, solsikke og Nigella.
Planar for året
  • Solsikke. Må så.
  • Juli: Ta avleggjarar av nellik.
  • Slutten av juli: Tid for å få iris. Kan bestillast før.
  • Sein august: Kan så «hardy annuals» til neste år no. (Tips eg fekk litt vel seint i 2014)
hage/2015.txt · Last modified: 2015/04/11 17:04 by ranveig