User Tools

Site Tools


hage:2014

This is an old revision of the document!


A PCRE internal error occured. This might be caused by a faulty plugin

Planar for hagen denne dagen: * erteplantar og bønner (sådd og spira for tidleg (februar), såg så flotte ut at eg meinte dei kunne plantast ut. Det gjekk sørgeleg. Deretter sådde eg dei ute, langs alle gjerda. Så får det skje det som skjer, som Doris Day sa. * bønner som allereie har klart seg her eit par sesongar (sådd og spira, nokså små spirer endå) * [[eik]]enøtter er sådd og to har spira. Eit tre skal i hekken, trur eg, det andre kanskje til [[bonsai]]. Seinare: Eit tre voks godt og eit visna vekk. Det gode må vel bli ein kjekk hekkeplante... * [[roteksperiment]]: Planta avkutta toppar av gulerot, pastinakk og rødbete. Kor lenge klarar plantane seg? * [[bambus]] og «ekte frø» (ikkje hybridar) til grønsakhagen blei kjøpte i mars. ** [[amarant]], franske [[bønner]], busk-[[tomat]], sitron-[[chili]] og [[agurkurt]] * [[Solsikke]]. Me har no oppnådd knoppar! (august) * [[spirea]]stiklingar: Tekne ca. 6. mai og planta dei i boks med plastlokk. Dei skal stå i 6-10 veker før dei får røter, visst. Så i midten eller slutten av juni? (No ompotta og ute av plastdekket. OK så langt) * Nyyydeleg luktande [[japansk kaprifol]] (''Lonicera japonica aureoreticulata'') som eg oppdaga i hagen i år. Stiklingar under lokk, men ute denne gongen. Går det? (Tekne i juni) (levde framleis etter ferien, seint i august) * Reiste på ferie frå ein heit sommar i august. Kom tilbake til ein frodig hage. Trur det må ha vore kaldare og våtare medan me var vekke. Stiklingane ser ut til å ha klart seg godt. * Tok mine første [[lavendel]]stiklingar 22. august, i vanleg hagemold, sett i spireboks. * Kjøpte ein klump plantar i september: [[Dierama argyreum]], [[Dicentra spectabilis]] Alba, [[Fatsia japonica]] Spider's Web, [[Scirpus cernuus]] og [[salvie|Salvia patens 'Blue Angel']]. * Bedet nord for huset har hatt fleire dødsfall. Ein [[forsythia]] og ein [[blodrips]] har mista blada og sovna inn. No tek [[bjørk|bjørka]] ein tidleg haust. Eg er stygt redd for at det er [[honningsopp]], men har (heldigvis?) ikkje funne prov. Det er også mogleg at meir graving og næring er det som trengst, så det prøver eg på no.

hage/2014.1410108254.txt.gz · Last modified: 2014/09/07 16:44 by ranveig