God aften, mitt navn er Cox!

Aftan og aften kjem frå norrønt aptann.

Ivrige som me er, feirer me julaftan, nyttårsaftan og sankthansaftan dagen før den eigentlege heilagdagen. Nokre særs utolmodige sjelar feirer til og med fødselsdagen sin kvelden før – har du høyrt på makan!

Elles les ein jo både aftenpoften og aftenbla'. Men kanskje ikkje kvar aftan.