Selje av ein litt hageaktig, halvsørgande type veks nær huset. Og blir klippa. Og veks. Og blir klippa…
Vår selje er anten ein hagevarietet med greiner som veks flatt og breitt og snor seg, eller ein sjukling. Eg håper på det første, for greinene er tøffe, og er har teke eit par stiklingar. I tillegg klipper eg i veg og får fint for til kaninane. Så spar eg kanin-gjødsel på molda. Alt går i sirklar…