Alt er så lett med lavendel, visstnok. Han veks lett, er lett å ta stiklingar av, lett å tørka og lett å lika. Det siste er eg nok ganske einig i, men alt det andre er eg ikkje heilt sikker på. Eg har kjøpt talrike lavendelplantar som så har døydd for meg. Stiklingar har eg fått til til ei viss grad, før også dei har gjeve tapt. Og tørking verker berre vanskeleg.

I hagen står ein stor klump lavendel. Rett gjetta, den har eg ikkje klipt godt nok. Sidan han ville vore vanskeleg og utrygg å flytta, har eg bestemt meg for å prøva, prøva og prøva igjen heilt til eg oppnår livskraftige stiklingar. Første forsøk: August 2014.

I juli var eg også så dumdristig at eg kjøpte ein lavendelplante med kvite blomar. Kan det gå godt, tru?

Lenkjer