Me flytta inn til ein hage som hadde ei heil rekke pinnebuskar som viste seg å vera Forsythia. Eg veit ikkje kva type, Wikipedia seier at Forsythia suspensa og F. viridissima med hybridar blir brukt i hagar.


SFGate:

They are effective as hedges, espaliered on a fence, in a large garden border or as specimen plants.

Buskane har flotte gule blomar akkurat no (mars 2014). Når dei forsvinn, skal eg klippa dei. Planen er at dei fleste buskane etterkvart skal danna ein ganske praktfull hekk (i det minste om våren).

Ein annan forsythia veks ved eventyrportalen, og skal kanskje bli den andre sida av han. Der veks også fagerfredlaus, som har same farge blomar. Det må vel vera ein match laga i himmelen, eller i det minste i hagen?

Lenkjer