2015 har vore prega av vind. Kald vintervind, frisk vårvind, veldig sterk vind og berre litt sterk vind. Du kan godt gå inn i sekken att nå, vind.
Januar. Planta bar-rotplantar som Rosa canina, furu og agnbøk. Kjøpte potteplantar som eukalyptus, deodar, Lonicera fragrantissima og Polystichum setiferum 'Plumosum'.
Februar. Potet. Dei spirte, så eg planta. Inne. Kanskje får eg minipoteter? Planta også to lauk med spirer.
26. Sådde Old English Pink (gammal engelsk nellik), trefrø (alm??) koriander og persille. Persillen har klart seg best, mens ingen nellik har vist seg i løpet av to såingar.
Mars. Målte skjulet. Endeleg.
BEstilte plantar! Masse! Roser (klatrande) og humle (til klatring, eller ølbrygging), og diverse anna snask.
Forsythia på nordsida av huset byrja å blomstra først (midten av månaden)
Grov opp to Viburnum-rotskot. Til blomehekken, såklart. Dei slår ut blada og virker fornøgde.
April. Første potte-potet blomstra. Eg kunne ikkje dy meg, men grov henne opp. Ingen minipoteter der. Har nå planta henne ut, men under glas.