Engelske stadnamn er merkelege. Ta, til dømes, denne vegen i Birmingham: {{ needless_alley_sign.jpg?300}} Namnet tyder "Uturvande smau". Og det ser ikkje so veldig turvande ut. Han er ein liten gang, med store bygningar på begge sider. At einkvan tykte at gangen ikkje turvtest, kan eg godt tru. Kunne det moglegvis ha skjedd at ein //uheiderleg// bymeistar hadde avgjort at vegen skulle byggjast, og at vegen fekk dette namnet av eit misnøgd, forfylgt folk, som hadde ingen annan måte å visa motsegna si? {{:soge:needless_alley_walk.jpg?300 }} Ei trist sanning er at bak dei fleste romantiske namna i England ligg ei kvardagleg, keisam soge. I [[:namn:Norwich|Nordvik]], der eg ein gong budde, var det ei gate som heitte "Unthank Road". So flott, tenkte eg. Einkvan sa ikkje "takk" på ein høfleg nok måte, og folk vart so sinna at dei gav vegen eit slikt namn, for å minna alle om den forferdelege hendinga! Men nei, "unthank" er berre eit gamalt ord for nokon som budde ulovleg, og namnet viser til at garden som ein gong låg langs vegen var ulovleg teke i bruk. Og det var ikkje annaleis med Needless Alley. I William Hutton si bok, //A History of Birmingham//, som kom ut i 1783, fortel han om alle dei "nye" vegar som Birmingham hadde fått i dei siste åra. Ein av dei som var bygd mellom 1700 og 1731 er "Needless Alley." I kva for eit år denne vegen var bygd, og kvifor han fekk eit so merkeleg namn, seiar ikkje Hutton. Men engelskmenn elskar å skriva bøker. I 1885 skreiv Thomas Harmann ei sjarmerande bok om Birmingham sine soger og gater: {{ :showells.png?300 }} Og her fortel han at gata i opphav heitte "Needles Alley", fordi det var ein butikk der som selde knappar og nåler. Jaja.