**Kristtorn** (//Ilex aquifolium//) er ein gammal travar i England. Han veks vilt i skog og mark, og er særleg fin å sjå om vinteren, når dei raude bæra dukkar opp og blada skin grøne medan det meste andre er dødt. For meg går han best saman med [[barlind]], men i den gamle julesongen er det [[eføy]] han passar med: > The holly and the ivy, > Now both are full well grown. > Of all the trees that are in the wood, > The holly bears the crown. ([[http://www.hymnsandcarolsofchristmas.com/Hymns_and_Carols/holly_and_the_ivy.htm|hymnsandcarolsofchristmas]]) Ein nabo i gata har eit verkeleg kongeleg tre; ein stor kristtorn som strekk seg i pyramideform mot himmelen. Ein annan litt lenger unna har eit par [[variegert]]e typar som er klipte i klokkeform. Eg har ein handull kristtornar, men dei færraste kan kallast tre. Dei er små buskar, dei fleste er planta langs gjerde for å laga ein fin, [[vintergrøn]] [[hekk]] etterkvart. Eit framom huset er ganske stort, men står litt i skyggen av ein [[tuja]]. Uansett, det er snart jul og denne kristtorna ber mange raude bær. Som ein konge!