{{ :hage:forsythia.jpg?200|}}Me flytta inn til ein hage som hadde ei heil rekke pinnebuskar som viste seg å vera **//Forsythia//**. Eg veit ikkje kva type, Wikipedia seier at //Forsythia suspensa// og //F. viridissima// med hybridar blir brukt i hagar. ---- [[http://homeguides.sfgate.com/forsythia-types-40453.html|SFGate]]: > They are effective as hedges, espaliered on a fence, in a large garden border or as specimen plants. [[Buskar|Buskane]] har flotte gule [[blomar]] akkurat no (mars [[2014]]). Når dei forsvinn, skal eg klippa dei. Planen er at dei fleste buskane etterkvart skal danna ein ganske praktfull [[hekk]] (i det minste om våren). Ein annan forsythia veks ved [[eventyrportalen]], og skal kanskje bli den andre sida av han. Der veks også [[fagerfredlaus]], som har same farge blomar. Det må vel vera ein match laga i himmelen, eller i det minste i hagen? == Lenkjer == * [[http://www.gardenseeker.com/pruning/pruning_forsythia.htm|How to prune forsythia]] (Gardenseeker) * [[http://www.amateurgardening.com/uncategorized/pruning-forsythia-the-right-way/|Pruning forsythia the right way]] (Amateur Gardening)