**Planar for hagen denne dagen (og resultat):** * erteplantar og bønner (sådd og spira for tidleg (februar), såg så flotte ut at eg meinte dei kunne plantast ut. Det gjekk sørgeleg. Deretter sådde eg dei ute, langs alle gjerda. Så får det skje det som skjer, som Doris Day sa. * bønner som allereie har klart seg her eit par sesongar (sådd og spira, nokså små spirer endå) * [[eik]]enøtter er sådd og to har spira. Eit tre skal i hekken, trur eg, det andre kanskje til [[bonsai]]. Seinare: Eit tre voks godt og eit visna vekk. Det gode må vel bli ein kjekk hekkeplante... * [[roteksperiment]]: Planta avkutta toppar av gulerot, pastinakk og rødbete. Kor lenge klarar plantane seg? * [[bambus]] og «ekte frø» (ikkje hybridar) til grønsakhagen blei kjøpte i mars. Bambusane har klart seg utmerka i nordbedet; dei er framleis stort sett grøne no i desember, og har sett skot. * [[amarant]], franske [[bønner]], busk-[[tomat]], sitron-[[chili]] og [[agurkurt]]. Agurkurt var dei gått tom for i sjappa, men bønner og amarant fekk eg sådd. Bønnene spirte og blei planta ut, men fraus seg sjuke så sneglane tok dei. 2014 skal ha vore eit dårleg år for belgfrukter. Amaranten sådde eg ute (som tilrådd), men han verka ikkje å veksa i det heile. Endeleg, i oktober, fekk eg auge på ein plante som likevel hadde klart seg, oppi [[tomat|tomatpotta]]! * [[Solsikke]]. Me har no oppnådd knoppar! (august) Og frø (oktober/november). I slutten av november skrumpa dei inn til svarte forderva hovud som eg ikkje trur eingong fuglane vil ha. Men nokre av frøa er berga, og me får sjå om dei spirer [[2015|neste år]]. * [[Stiklingar]]: * - [[Spirea]]: Tekne ca. 6. mai og planta dei i boks med plastlokk. Dei skal stå i 6-10 veker før dei får røter, visst. Så i midten eller slutten av juni? (No ompotta og ute av plastdekket. OK så langt) * - Nyyydeleg luktande [[japansk kaprifol]] (''Lonicera japonica aureoreticulata'') som eg oppdaga i hagen i år. Stiklingar under lokk, men ute denne gongen. Går det? (Tekne i juni) (levde framleis etter ferien, seint i august) (ein veks no i ei gammal vasskanne, på terrassebordet) * - Tok mine første [[lavendel]]stiklingar 22. august, i vanleg hagemold, sett i spireboks. Fleire av dei visna igjen (kanskje eg må ha meir sand?), men nokre har visst klart seg. Mellom anne ein frå den kvite lavendelen. Kanskje den er enklare? * - [[Kerria japonica|Kerriaen]] som dukka opp har også fått fleire ungar. Hurra! * Reiste på ferie frå ein heit sommar i august. Kom tilbake til ein frodig hage. Trur det må ha vore kaldare og våtare medan me var vekke. Stiklingane ser ut til å ha klart seg godt. * Kjøpte ein klump plantar i september: [[Dierama argyreum]], [[Dicentra spectabilis]] Alba, [[Fatsia japonica]] Spider's Web, [[Scirpus cernuus]] og [[salvie|Salvia patens 'Blue Angel']]. * Bedet nord for huset har hatt fleire dødsfall. Ein [[forsythia]] og ein [[blodrips]] har mista blada og sovna inn. No tek [[bjørk|bjørka]] ein tidleg haust. Eg er stygt redd for at det er [[honningsopp]], men har (heldigvis?) ikkje funne prov. Det er også mogleg at meir graving og næring er det som trengst, så det prøver eg på no. * [[Potet|Poteter]] hadde me mykje av frå alle kantar i fjor: Eg hadde kjøpt settepoteter, me fekk eit lass me ikkje klarte bruka frå samdyrkelaget, og eg hadde tatt vare på nokre raude. Så i år blei det planta potet overalt, og det var eit godt potetår. Me fekk tidlegpoteter, og mellompoteter, og seine poteter store som ananas. Nesten, då. Dei var gode å baka.